I 2017/18 deltok ho sjølv i arbeidet med å fjerna støv frå måleria. Vurdering av tre ulike reinsemetodar for oljemåleri var også tema for doktoravhandlinga hennar i konservering på Universitetet i Oslo. Og det er framleis verdas einaste doktoravhandling som har konservering av Munch-måleria som tema.
Me møter Lena Porsmo Stoveland i kafeen i første etasje i det nye Munch-museet. Der fortel ho kva som er så unikt med Aula-måleria til Edvard Munch.
- Aula-måleria er moderne og store, monumentale oljemaleri på lerret. Dei har alle ein bestemt konserveringsproblematikk, både fordi dei er ufernisserte og på grunn av storleiken. Sidan dei er ufernisserte vil forureining leggja seg direkte på materiala i måleria, og det kan føra til både visuelle og kjemiske konsekvensar for måleria, seier ho til Uniforum.
At måleria er ufernisserte vil, ifylgje Wikipedia seia at dei ikkje er smurte inn med eit lakkaktig stoff som skal liggja som ei hinne mellom målefargane og lufta og verna dei mot støv og anna forureining.
Har brukt brød og svampar til reinsing av måleri
Stoveland peikar på at Aula-måleria også er blitt behandla mange gonger opp gjennom åra med forskjellige metodar.
- Dei har blant anna brukt brød på 1900-tallet og seinast svampar før 200-årsjubileet for universitetet i 2011. Dei fjerna mykje sot og støv og måleria er blitt reinare. Hovudrettleiaren min, professor Tine Frøysaker ved konserveringsstudiet på UiO framhevar gjerne det at dei metodane dei har brukt fram til no hadde sine avgrensingar. Dei fjerna kanskje ikkje så mykje som dei ville, og dei var kanskje heller ikkje skånsame nok, for svampar kan nokre gonger ripa sårbare overflater, fortel Lena Porsmo Stoveland.
Ville testa tre metodar
Det var bakgrunnen for at ho sjølv gjekk laus på oppgåva med å testa ut tre nye metodar som ikkje var blitt testa så mykje på moderne oljemåleri tidlegare. Men dei har blitt brukt på andre materiale, som til dømes papir og på overflater som er sensitive mot å få riper. Dei tre metodane ho sette i gang med å teste ut var CO2-snø, mjukpartikkel-blåsing og nano-gelar.
Stoveland forklarar at gjennom eit munnstykke kan ein blåsa CO2-snøen på overflata av eit måleri.
- Fordelen med desse snøpartiklane er at dei blir til gass på overflata, og dei etterlet ingen restar av partiklane etter reinsinga. Det kan vera ein ulempe ved andre reinsemetodar. CO2-snøen dyttar med fysisk kraft vekk smuss- og sotpartiklar, seier ho til Uniforum.
- Brukar kveitestivelse og cellulosefiber
Ho har også gått gjennom reinsemetoden som ho kalla for mjukpartikkel-blåsing (soft-particle blasting).
- Den er også sett