Bistand viktig
For kva er situasjonen og kva er utviklingutsiktene? I gruppa av om lag 50 låginntektsland utgjer bistand framleis ti prosent av bruttonasjonalproduktet. I 26 land utgjer bistand meir enn tretti prosent av statsbudsjettet. I desse landa er 62 prosent av den eksterne finansieringa bistand. Trass i kraftig økonomisk vekst i Afrika, har talet på fattige ikkje gått ned dei siste 25 åra.
Den respekterte sørafrikanske forskaren og tryggingseksperten Jakkie Cilliers har i ei ny bok sett opp tre nøkterne scenaria for Sør-Afrikas framtid. I det mest optimistiske scenariumet (som han kallar Mandela Magic) vil det framleis vere 11,2 millionar ekstremt fattige i Sør-Afrika i 2034, ein liten oppgang frå i dag. Etiopia, som dei siste åra har hatt ein av dei høgaste økonomiske vekstratane i verda, vil ha 15 millionar ekstremt fa