- Fosse er meir åpen og inviterande. Vert dikta for konkrete blir det mindre forlokkande, iallfall slik eg lagar musikk.
Folkemusikaren sit i Kaffistova saman med komponist og strenginstrumentalist Stein Urheim og skodespelar Hildegun Riise. Det er eit par timar til dei tre står saman på Det norske teatret, eit steinkast unna, for å framføra poesikonserten Blått svev. Hildegun les dikt av Jon Fosse, mens Stein og Benedicte har komponert og framfører musikken.
Blei mata med dikt
Alle tre har jobba mykje i grenselandet mellom musikk og poesi. Olav H. Hauge, Ruth Lillegraven og Edvard Hoem har vore på arbeidsbenken, men kanskje fyrst og fremst Jon Fosse. Hildegun og Benedicte - begge hardingar - har eit nært forhold til Fosse sine