Uniforum
19.11.2020
Sidan mai i år har norske forskings- og innovasjonsaktørar fått meir enn 2,2 milliardar kroner frå EU. Nyleg fekk ein internasjonal vaksinekoalisjon med hovudkvarter i Noreg meir enn ein milliard kroner til vaksineutvikling.
Nye tal viser at norske deltakarar har henta heim 2,46 prosent av pengane frå EU sitt forskings- og innovasjonsprogram Horisont 2020. Sidan programmet starta i 2014 har norsk næringsliv, akademia og offentlege verksemder konkurrert seg til om lag 13,6 milliardar kroner.
Les merAldri før har norske forskings- og innovasjonsaktørar fått meir pengar frå EU. Berre sidan mai i år har norske aktørar fått meir enn 2,2 milliardar kroner.
Forskings- og høgare utdanningsminister Henrik Asheim er svært nøgd med utviklinga.
- Dei store samfunnsutfordringane som klimakrisa kjenner ingen landegrenser, då kan heller ikkje løysingane gjere det. Eg er imponert over at norske aktørar gjer det stadig betre i konkurransen om EU-midlane. Eg har stor tru på at dei skal klare å levere sterkt også i åra framover når det nye programm