Men rettsleggjering er eit langt meir komplekst fenomen enn som så.
Essensen i rettsleggjering er at det som før vart avgjort i den politiske, moralske eller sosiale sfæren i samfunnet no vert avgjort i den juridiske. Men det er ikkje ei forklaring ein vert særleg klok av. Så lat oss gå meir spesifikt til verks, og byrja med forholdet mellom politikk og juss.
EU- og EØS-rett
Ei årsak til rettsleggjering av politikken er at virkefeltet til politikk og juss ikkje lenger er overlappande. Det vil seia at politikk ikkje lenger styrer like mykje som vert styrt av juss. Enklaste dømet er EU- og EØS-rett.
Norske politikarar har ikkje makt til å laga reguleringar for EØS-området, som omfattar EU- og EFTA-landa. Dei har knapt makt til å påverka retten i dette området. Juristane som brukar denne retten, har derimot ei viss makt til å påverka gjennom sine tolkingar.
I Tyskland vert det gjerne hevda at om lag 70% av landets rett har sitt opphav i EU-retten. På Island hevdar ein gjerne at det er tale om 50%. I Noreg er det mindre, men likevel nok til at det oppstår ei spenning mellom politisk og juridi


































































































