Det vert bestemt å aksjonere. Beslutningar vert innhenta av rettssystemet, slik at formalitetane er i orden. Mannskap vert kalla inn, ekstrabevilgingane er allereie på plass. Sidan dette er ein fredagskveld, så må alle tenestemenn og -kvinner få overtidsbetalt, og i tillegg kan det verte snakk om transportar rundt om i landet, om varetektfengslingar osv.
Dei aktuelle personane vert overvaka, adressa er som nemnt kjend, så det er etablert ein spaningspost i nabolaget. Her kan ein ha kontroll på trafikken til og frå adressa.
Utover kvelden kjem det nokre personar på besøk, og aksjonen er i gang. Alle menn/kvinner kjenner sine oppgåver, og som troll ut av den kjende øskja er vi inne i det aktuelle husværet. Alle utgangsdører og vindauge er kontrollerte av politifolk som passar på at ingen prøver å stikke av garde, eller prøve å kaste ut narkotika.
Personane inne i husværet anar ingenting før dei ligg på golvet med handjarn. Dei vert frakta til arrest, framstilte for lege for blod- og urinprøvetaking, samt at husværa til alle dei involverte vert ransaka.
Resultat: Fire personar pågrepne på fersken medan dei røykte hasj. Det vart kverrsett (nynorsk for «beslaglagt») 10 g hasj, noko som på den tid hadde ein verdi på ca. kr. 1000, om eg ikkje hugsar feil.
Elles vart det funne litt brukarutstyr, men ikkje noko som tyda på bruk av tyngre stoff. Dei involverte innrømma at, joda dei hadde samlast for å høyre på Led Zeppelin og å hyggje seg med ein blås attåt, samt nokre øl.
Dei fekk kvar sitt førelegg etter avhøyr, og alle vart dimitterte neste morgon.
Der kunne for så vidt historia ha slutta, men i bilen på veg heim så byrjar eg for første gang å tvile på det eg akkurat har vore med på.
Kva skade gjorde desse fire karane eigentleg?
Dei hadde samlast for å høyre på god musikk. Som tilbehøyr fyrde dei av kvar sin hasjblås, og så satt dei der da. Høyrde på noko av det beste som er laga av rock, kosa seg med blåsen sin, og hadde det, vil eg anta, kjempebra. Iallfall til dei låg med trynet i parketten med 200 kg. politi oppå seg.
Vi er tilbake i 2017. Mykje har skjedd sidan den gangen på 1990-talet. Eg har forlengst slutta i etaten. Og det kunne ikkje falle meg inn i halvsøvne å byrje der att heller.
Eg har for lenge sidan kome til den konklusjon at norsk narkotikapolitikk er totalt feilslegen. Det har ikkje vore noko enkel konklusjon å komme dit, det har teke fleire år.
Derfor skal eg ta litt historikk:
Eg var 22 år gamal da eg byrja på det som da heitte Politiskulen i august 1987. Det var reine tilfeldigheiter som gjorde at eg byrja der, men når ein først var der, så var det vel berre å prøve så godt ein kunne.
Sommaren 1989 gjekk eg ut av skulen, med karakterar ca. på snittet. Det einaste faget eg eigentleg fekk særleg dreis på var av alle ting «Tvangsfullbyrdelse». Det vil seie handsaming av inkassokrav, det som namsmannen steller med. I våre dagar er vel slikt arbeid nærast ute av etaten, akkurat som ei mengde andre sivile saker som den gang låg naturleg til eit lensmannskontor. Kven av dagens nyutdanna politifolk kan vel i dag tenkje seg at lensmannen i si tid handsama til dømes barnebidrag?
Eg har for lenge sidan kome til den konklusjon at norsk narkotikapolitikk er totalt feilslegen.
Det vart litt farting rundt om i landet på diverse arbeidsplassar i tida frå 1989 til 1997. Eg fant at arbeid med narkotika var eigentleg ganske interessant, og prøvde å lære meg litt opp på forskjellige typar stoff, alt fra hasj, til amfetamin, LSD, heroin og you name it. Kunnskap er aldri feil.
Mantraet frå første dag i etaten var at all bruk av narkotika var absolutt tabu. Dette vart innprenta omtrent frå den første timen vi hadde på Politiskulen. Alkohol og røyk derimot, det var OK. Som ei lita avsporing


































































































