BUSKAP
29.05.2017
God slakteplanlegging sikrar at dyra vert levert til rett tid både ut frå slaktekvalitet og tilgang på grovfôr og plass i fjøset. Investering i dyrevekt og fôranalysar kan vera nyttig for mange produsentar.
Det er eit mål å oppnå kjøttfylde på oksane som er minst like god som gjennomsnitt for rasen og feittgruppe kring 2+/3-. Ved sterkare fôring og kortare framfôringstid, vil oksane begynna å avleira feitt ved ei lågare vekt enn når dei blir fôra svakare. Men kort framfôringstid er gunstig for fôrforbruket.
Før vi går vidare med ulike kvalitetsmål, vil vi i tabell 1 visa korleis klasse og feittgruppe blir overført til talverdi.
Utvikling i vekt, klasse og feittgruppe
Tabell 2 viser utvikling i vekt, klasse og feittgruppe over ein femårsperiode frå 2012 med eksempel frå NRF, Hereford og Charolais. Det er betydeleg auke i slaktevekt på alle tre rasar. Auke i feittgruppe er størst på Hereford. Statistikk frå Animalia viser at Aberdeen Angus er den rasen med høgast feittgruppe på ca. 3 (talverdi 7,80 i 2016), men auken dei siste fem åra er om lag som for Hereford. Angus er den rasen i Norge som har mest intramuskulært feitt. Charolais som ein tung kjøttferase har god kjøttfylde. Her viser statistikken at Limousin ligg endå høgare med klasse på U-(10,04 i 2016). I perioden frå 2011 til 2016 har gjennomsnittleg slaktetilvekst for all Ung okse auka frå 537 til 584 gram per dag (Animalia). I Kukontrollen er tilsvarande tal 511 til 551 gram per dag. Dette viser at det er ein generell vekstauke og ikkje berre fordi kjøttfeandelen i perioden har gått opp frå 23,7 til 27,7 prosent.
Utvikling av dyret og krav til fôrforbruk
Fôrforbruket i høve til tilveksten aukar etterkvart som oksen blir eldre og feittet utgjer meir av tilveksten. Ein NRF-okse som skal bli 300 kg slaktevekt ved 16 månaders alder bør vega cirka 150 kilo når han er fire månader gamal. I følgje NorFor vil då feittet utgjera 10 prosent av tilveksten, medan protein utgjer 20 prosent. Når oksen er 15 månader og veg cirka 550 kilo, er dei tilsvarande tala 43 prosent fett og 13 prosent protein. I figur 3 viser vi middel slaktevekt og klasse innan kvar feittgruppe for alle rasar av Ung okse i 2016. I tillegg er vist kor stor del av alle Ung okse slakta som kjem i dei ulike feittgruppene. Figuren viser at største del av slakta havnar i feittgruppe 2+ og 3-. I 2+ er det inge
Gå til medietFør vi går vidare med ulike kvalitetsmål, vil vi i tabell 1 visa korleis klasse og feittgruppe blir overført til talverdi.