BUSKAP
06.09.2024
Økonomi og utslepp av klimagassar ved aukande mjølkeavdrått pr. ku.
I eit forskingsprosjekt Tine deltek i saman med Samfunns- og næringslivsforskning, Nibio, NLR og Nortura har vi rekna på økonomi og klimautslepp ved ulik mjølkeavdrått. Det blir ofte hevda at høg avdrått pr ku er eit såkalla vinn-vinn tiltak som gjev betre økonomi og lågare utslepp av klimagassar pr produkteining. I denne artikkelen testar vi om denne tommelfingerregelen gjeld i alle høve, eller om det kan oppstå tap-vinn og vinn-tap situasjonar avhengig av forholda på bruket.
Føresetnader
I Buskap nummer 5 gjorde vi greie for ein modell av ein gard for å samanlikne lønsemda i konvensjonell og økologisk drift, og i denne artikkelen brukar vi den same modellen og det same eksempelbruket, sjå faktaramma på side 120. Som mål på utsleppsintensitet brukar vi kilo CO - 2
ekvivalentar pr. kilo protein produsert i kjøt og mjølk, i staden for pr megajoule energi produsert. Kjøt inneheld meir protein enn energi pr. 100 gram vare enn mjølk, og ved å måle utslepp pr. kilo protein kjem kjøt såleis litt betre ut i samanlikninga. I klimagassberekninga tek vi med storparten av utsleppa, det vil seie dei delene som er knytte til dyr, kraftfôr, husdyr- og handelsgjødsel, elektrisitet og diesel, men ikkje utslepp knytte til til dømes bygningar og maskiner. Som mål på økonomien brukar vi samla dekningsbidrag inkludert tilskott.
Effekt av auka mjølkeavdrått når alle oksekalvane vert selde til liv tre månader gamle
I figur 1 ser vi på økonomi og utslepp ved ulike avdråttsnivå når alle oksekalvane vert selde til liv ved tre månaders alder.
Langs den grønne lina i figur 1 ser vi på den venstre y-aksen
Gå til medietFøresetnader