Foto: Ola Sæther
I 42 år var Einar Vannebo på Universitetet i Oslo. Først som student, så som stipendiat, deretter som direktør - og student igjen. No har Olav Duun-kjennaren og den avgåtte direktøren for Den internasjonale sommarskulen ved UiO blitt sokneprest i Våler i Hedmark.
- Det var ein livsstil å vera direktør for sommarskulen og det er ein livsstil å vera sokneprest, humrar 65-åringen.
I fjor haust disputerte han med doktoravhandlinga Å vera menneske. Religion og menneskesyn i Olav Duuns dikting. Om lag på same tid fekk han papir på at han hadde bestått den teologiske embetseksamenen.
- Eg blei faktisk dr. philos. og cand.theol. om lag samtidig. Det går trygt an å seia at eg er eit levande døme på livslang læring, seier han.
For Vannebo er sokneprestkallet i Våler den andre jobbdraumen som går i oppfylling. Den første var jobben som direktør for Den internasjonale sommarskulen ved UiO.
- Det som er likt for begge jobbane er at dei handlar om å byggja opp fellesskap mellom folk, fortel han.
Kyrkjebrannen som splitta bygda
Uniforum møter Einar Vannebo utanfor Våler kirke som er eit lite arkitektonisk underverk av ei trekyrkje frå 2015. Men kyrkja står i sentrum av ein strid som deler kyrkjelyden i to. Historia bak den er tragisk. Den 29. mai 2009 stod gamle Våler kirke i lys loge, og ho brann heilt ned til grunnen. Heile kyrkjelyden var einige om å byggja kyrkja opp igjen. Men kvar ho skulle byggjast opp igjen, var eit tema som framleis splittar folk i kommunen med drygt 4000 innbyggjarar.
Halvparten av


































































































