Ei ekspertgruppe frå OECD er no i ferd med å gå norsk forskingspolitikk etter i saumane. I går letta dei litt på loket til gryta som inneheld ingrediensane for det dei meiner bør bli framtidas norske forskingspolitikk. Det skjedde under ein eigen forskingsverkstad som Kunnskapsdepartementet skipa til i Forskingsrådets hovudkvarter på Lysaker i Oslo.
Intervjua 150 personar
Ifylgje Kunnskapsdepartementet har ekspertteamet frå OECD intervjua om lag 150 personar frå mellom anna departementa, universiteta og høgskulane, forskingsinstitutta og arbeidslivsorganisasjonane om politikken for forsking og høgre utdanning. Formålet med verkstaden var å samla relevante interessentar i Noreg for å kunna kommentera funna frå gjennomgangen så langt, og gi ekspertteamet innspel til det


































































































