PÅ REKKJE OG RAD: Dei to rektorteama var sett opp på rekkje og rad: Frå venstre Hans Petter Gravers team: Jan Frich, Inger Sandlie og Hans Petter Graver (delvis skjult). Så Svein Stølens team: Gro Bjørnerud Mo, Svein Stølen (skjult) og Per Morten Sandset. Ordstyrar var Johan Storm (lengst bak).
Foto: Ola Sæther
Rundt 100 personar møtte opp då Akademisk forum inviterte rektorkandidatane Svein Stølen og Hans Petter Graver med team til valdebatt i Georg Sverdrups hus i går. Debattleiar Johan Storm gav dei først sjansen til å fortelja dei frammøtte kvifor dei burde stemme på dei.
Hans Petter Graver var først i elden.
- De skal stemma på oss fordi kompetansen og kunnskapen til å leia Universitetet i Oslo sit i fagmiljøa. Oppgåva vår er å få til ordinære prosessar, slik at dei som har gode forslag kan koma med dei og prega utviklinga. Folk har ulike måtar å takla konfliktar på. Det er utfordringa for oss, meinte Graver.
Lova å gjenoppretta tillit og respekt
Han peika på at han sjølv og resten av rektorteamet hans, prorektorkandidat Inger Sandlie og viserektorkandidat Jan Frich, ikkje var opptekne av å vedta mål, strategiar og handlingsplanar.
- Me må få utvikla prosessar som