Bok og bibliotek
27.05.2026
Nei, sjå der! Sjå der!
Ei bok er på villspor. Ho strittar ut av ei diger, firkanta blokk med samanpressa papp ein ball på fagspråket. Men no er ho avslørt av Frank Ødegård, seniorrådgjevar ved Franzefoss Gjenvinning AS.
Ho skulle ikkje vore her, konstaterer han. Den raude permen er så laus at Ødegård lett nappar han vekk. Innmaten får stå igjen.
No skulle ho det. Vi er på rundtur i Franzefoss sitt gjenvinningsanlegg på Haraldrud i Oslo. Her hamnar mellom anna bøkene frå Deichman Bjørvika ved livets slutt. Iført vernebriller, hjelm, vest og vernesko har vi vandra frå den eine avfallshaugen til den andre, og det er i pappavdelinga framandelementet dukkar opp: romanen Lege i ildlinjen av amerikanaren Frank G. Slaughter. Død, han òg.
Den som kvitta seg med boka, meinte nok å gjere det rette. Men personen var truleg ikkje bibliotekar, for folk i faget lærer fort at innbundne bøker ikkje har noko i papiravfallet å gjere så lenge permen er på. Trur få bøker får leve vidare Vi er ved kjernen i det enkelte ser som eit stort miljøproblem for norske bibliotek. Kvart år går tonnevis av kasserte bibliotekbøker i restavfallet fordi permane ikkje kan gjenvinnast. Kor stort problemet er, skal vi straks rekne oss fram til, og vi skal også prøve å finne ut: Kunne det vore annleis?
Berit Skillingsaas Nygård leiar utvalet for berekraft i Norsk bibliotekforening og begynte å bekymre seg etter at biblioteksjefen i Trondheim, Jannicke Røgler, nemnde talet éin million.
Eg forstod at kasting av bibliotekbøker er eit stort problem i Noreg. Nokre blir jo selde vidare, og ein del blir gjevne bort, men det meste som går ut av samlingane, blir kasta, seier ho.
Kor mange blir brukte på nytt, om du skal tippe?
Kanskje fem prosent? Ikkje meir iallfall.
Permen er problemet Då Nygård kom inn i bibliotekbransjen i 2011, blei ho kjend med fleire samvitsfulle bibliotekarar som gjorde så godt dei kunne med å skilje perm frå papir.
Men det er klart at det er krevjande. Den siste tida har biblioteka også fått færre tilsette. Dei har ikkje tid til å stå der og fjerne permane éin etter éin.
Pocketbøker er enkle og kan gå rett i papiravfall; limet blir nemleg skilt ut. Problemet er berre om bøkene har blitt beskytta av plast. Plast forlenger levetida, men samtidig gjer det gjenvinning vanskeleg.
Nygård har ein draum: Viss vi kunne få fjerna permane maskinelt, hadde det vore ei stor hjelp. ? Avfall er business Frank Ødegård ved Franzefoss Gjenvinning AS har aldri opplevd at bibliotek skil permar frå papiret før bøkene kjem til anlegget. Etter førti år i bransjen minnest han berre éin kunde som gjorde det.
Det var eit lite firma. Dei hadde kanskje hundre bøk
Gå til mediet Ho skulle ikkje vore her, konstaterer han. Den raude permen er så laus at Ødegård lett nappar han vekk. Innmaten får stå igjen.