Bok og bibliotek
24.09.2025
- Det er mykje korrupsjon her, seier den unge guten som nett har hjelpt meg med bussbilletten.
Han er vel 17 år, går siste året på vidaregåande og skal avtena den allmenne verneplikta neste år, fortel han. Deretter håpar han å studera i utlandet - som nær sagt alle unge eg kjem i snakk med i Kasakhstan.
- Kanskje i England, eller i Norge. Eg har nett spurt han om velferdstenestene i heimlandet hans. På papiret er dei vel om lag som i Norge. Jamvel inkurien med at tannhelse ikkje blir rekna med. Men noko er veldig annleis. Skal du få god omsorg og dei beste legane i Kasakhstan, må du betala under bordet, fortel han meg før han går av bussen.
Eg kom til Kasakhstan natt til søndag 17. august. Neste morgon - samtidig som eg og dei fleste andre i den norske delegasjonen tek våre første steg ut i den vanvitige nylaga hovudstaden Astana (med prangande presidentpalass, tolvfeltsvegar, futuristiske megabygg, nyplanta parkar og hagar, pyramide og triumfboge, og Bayterek-tårnet, der ei tavle inviterer besøkande til å legga sin eigen neve i det forgylte handavtrykket til landet sin første president Nursultan Nazarbajev og ønska seg noko) - blir aktivisten og demokratiforkjemparen Aizhan Mameshova vilkårleg arrestert og forhøyrd om falske klagemål ein annan stad i landet.
- Styresmaktene veit ikkje kva meir dei skal finna på for å skremma meg
Gå til mediet- Kanskje i England, eller i Norge. Eg har nett spurt han om velferdstenestene i heimlandet hans. På papiret er dei vel om lag som i Norge. Jamvel inkurien med at tannhelse ikkje blir rekna med. Men noko er veldig annleis. Skal du få god omsorg og dei beste legane i Kasakhstan, må du betala under bordet, fortel han meg før han går av bussen.