I Khrono er det debatt om korleis den nye milliarden bør brukast. Det viser seg at norsk akademia enno er sterkt prega av dei «to kulturane» som C.P. Snow skreiv om på 1950-talet. Den eine kulturen er humanistisk og samfunnsvitskapleg, og vert representert av blant anna Mari S. Kannelønning, Gunn Enli og Rune Svarverud. Den andre kulturen er naturvitskapleg og informasjonsvitskapleg, og vert representert av Morten Irgens og Christen Krogh.
Humanistane vil kort sagt at mest mogeleg av pengane skal brukast på samfunnsmessige konsekvensanalysar, medan teknologane vil at dei skal brukast på grunnlagsforsking innan kunstig intelligens. Ingen av dei prøver å finne eit felles grunnlag for storsatsinga.
C.P. Snow skreiv at dei to kulturane er prega av ein gjensidig mangel på anerkjenning av det andre fagfeltet og verdien det har for samfunnsutviklinga. Ein skulle tru at dyktige menneske som snakkar same språk, har omtrent same sosiale bakgrunn og arbeider på same universitet kan snakke med kvarandre. Men sjølv om vi brukar det same språket legg vi ikkje den same meininga i orda. Vi har ulike perspektiv på kva som er kunnskap, og korleis vi finn, brukar og formidlar denne kunnskapen. Det er uheldig for akademia at dei to kulturane knapt kommuniserer