Det skriv Akademiet for yngre forskarar i ein fersk kronikk i Khrono. Bakteppet er historier som er komne fram, mellom frå førsteamanuensis Sofie Høgestøl, om rettleiing som ikkje fungerer som ho skal.
I dag presenterer Dei nasjonale forskingsetiske komiteane (FEK) ein ny rettleiar om forskingsetikk. Der har rettleiarane si rolle og ansvar ein sentral plass.
Sentral rolle
Om rettleiaren heiter det at denne skal sjå til at studentar og stipendiatar får opplæring i forskingsetiske spørsmål og dilemma og at dei same gruppene vert gjort kjende med lover og reglar som er relevante for prosjektet.
Vidare heiter det:
«Veiledere må være oppmerksom på det asymmetriske maktforholdet og ikke benytte faglig autoritet til egen fordel eller på en måte som krenker kandidatens integritet, for eksempel i nære faglige og private relasjoner». Deretter: «Veiledere må sikre at normer for god henvisningsskikk og medforfatterskap er ivaretatt Veiledning i seg selv er ikke et tilstrekkelig bidrag til medforfatterskap».
- Rettleiarane er dei som kan gjera god praksis mogleg. Dei har ei heilt sentral rolle, seier Helene Ingierd, som er direktør for Dei nasjonale forskingsetiske komiteane.
- Men rettleiarane kan òg vera ei kjelde til problem, seier Ingierd, og peikar på både problemstillingar knytt til medforf