Seinare engasjerte både Henrik Ibsen og Edvard Grieg seg, men det skulle likevel gå meir enn 150 år før Astrid Kvalbein kunne gå først i paraden som feira Noregs musikkhøgskule (NMH) 50 år. Det skjedde 3. september - i år.
Men festen er ikkje over, og denne helga er det meir markering i hovudstaden.
Organistskule frå 1883
Tanken om at Noreg burde ha ein eigen institusjon for musikkutdanning, melde seg ikkje så lenge etter 1814. Det fortel Alfred Fidjestøl, som har skrive den ferske boka «Noregs musikkhøgskole. Femti år med notar, unotar og fotnotar». Her skildrar han først kampen for å få ein eigen høgskule, så striden om plassering, og deretter prosessen for å få samlokalisert seg i eigna lokale i Oslo.
I 1883 starta den første norske musikkutdanninga opp. Det var ein organistskule i dåverande Christiania.
Kanskje ikkje så rart at det var nettopp organistar far og son Ludvig Mathias og Peter Lindeman ville utdanna - dette var ei yrkesgruppe det var behov for i heile landet. Litt seinare kom dei første profesjonelle, filharmoniske orkestera i Noreg. Her var problemet at det ikkje var norske musikarar å henta; verken fiolinistar, trompetistar eller andre vart utdanna i Noreg.
Dei første som kjempa for norsk musikkutdanning, var døde. Men på 1950-talet vart kampen teke opp att. Komponistane Arne Nordheim, Gunnar Sønstevold og Finn Mortensen skreiv eit brev til departementet der dei føreslo å etablera ein norsk musikkhøgskule. Og for å gjera det enkelt kunne ein byrja med komposisjon, klaver og fiolin, meinte dei.
Desse tre, saman med pianist Kjell Bækkelund, klaga si naud i Dagbladet i påska 1959: «16-17-aÌringer slippes ut i livet, og den store kommersialiserte underholdningsindustrien staÌr klar til aÌ gripe fatt i dem. Hvilket forsvar har de unge, har de noe aÌ sette imot dette underholdningspresset, dette enorme tilbudet av tredjerangs saker».
Det var fleire som fylte både 16 og 17 før det vart fatta noko vedtak. I 1966 opplyste statsråd Kjell Bondevik at Kulturråde


































































































