Khrono
08.09.2023
Volda ligg midt mellom to byar med sjukepleiarutdanning. Men no skal Høgskulen i Volda vurdera om dei skal be om studieplassar innan sjukepleie eller vernepleie.
- Bur ein på Grodås, kan ein ikkje pendla til Molde eller Ålesund.
Les merDet sa rektor Odd Helge Mjellem Tonheim då høgskulestyret i Volda hadde studieårets første møte torsdag.
For dei som ikkje er lokalkjende på Søre Sunnmøre: Grodås var senteret i gamle Hornindal kommune i Nordfjord. No er bygda ein ytterkant i Volda kommune, ein halvtimes biltur unna kommunesenteret. Men skal ein reisa til Ålesund, må ein plussa på halvannan time til i reisetid - inkludert ferje.
Det er innbyggjarar i bygder


































































































