- Eg kan ingenting om dette!
Johan Giertsen ler, høgt og tydeleg.
Etter å ha førelese for jusstudentar fleire timar, har han no sett seg ned i kantina på Dragefjellet. Ikkje for å snakka om juss, men for å snakka om val. Og der Giertsen vanlegvis er på heimebane som professor, har han ikkje noko formell utdanning i samfunnsvitskap. Så korleis gjekk det til at han kommenterer val både i aust og vest?
Engasjert frå tenåra
Tidleg på 1970-talet, då Johan Giertsen var tenåring, fekk han ein reknestav hos onkelen sin. Enkelt forklart ein forløpar til kalkulatoren, som kunne bruka alle dei fire rekneartane.
- Eg sat og rekna under valsendingane; kva skjer dersom parti får X prosent, illustrerer Giertsen.
Men faren var jurist, og sonen vart jurist. Det politiske engasjementet var der likevel heile tida, og Johan Giertsen har aldri lagt skjul på at han er medlem i, og har hatt verv for, Høgre.
Så, for vel 20 år sidan, skjedde det noko. Saman med partifelle Lars Øy bygde Giertsen frå 2001 opp ei e-postliste. Til dei som var interesserte sende han ut oversikter over politiske meiningsmålingar, med informasjon som «no går Arbeidarpartiet fram og H


































































































