Khrono
02.09.2023
Kvifor valde eg ikkje noko tryggare, spurde Siri Hansen Pedersen seg sjølv om då ho var undervegs i doktorgradsløpet.
- Kvifor vart det doktorgrad om akkurat dette emnet?
Les mer- Det heng saman med det eg skreiv om både på bachelor og master rundt same tema. Etter å ha teke mastergrad jobba eg som vitskapeleg assistent ved Institutt for politikk og forvaltning. Medan eg jobba der, vart det lyst ut eit prosjekt på naboinstituttet, Institutt for samanliknande politikk, med regulering av lågtlønsarbeid og politiske tiltak. Oi, det var eit spanande tema nær det eg har jobba med før, tenkte eg.
- Kan du presentera prosjektet ditt i korte trekk?
- Eg har sett på lønsulikskap i rike demokrati, og på kva staten kan gjera for å handtera ulikskapar


































































































