Lytte og ytre - stablar du litt om på orda får du det mystiske verbet lytre, og frå det - lytring.
Etter nokre år som «prosjekt» er debattarenaen Lytring i regi av Nord universitet og Nordlandsforsking no blitt fast inventar. Lytring «skal styrke et forskningsbasert offentlig ordskifte () for innbyggere i hele landet» på permanent basis.
I fast stilling som redaktør og leiar: Tidlegare mellombels tilsett på deltid, Anki Gerhardsen.
Mange kjenner henne etter kvart som ein skarp samfunnsdebattant, ei nasjonal røyst frå nord. Det utspelar seg blant anna i ein spalte i Aftenposten, der ho får boltre seg med mediekritikk, oftast spiss, ofte overraskande. For eksempel er ho kritisk til at dei kritiske så sjeldan blir stilt kritiske spørsmål.
Ho hevdar hardnakka at ho aldri - aldri - går inn for å provosere. Dette mislykkast ho ofte med.
Målet er eit rasjonelt, fryktlaust og opplyst ordskifte. Ein slags demokratisk akupunktur, som stikk for stikk skal løyse opp stive skuldrer og ledd i samfunnskroppen.
- Usemje er eit gode. Det er ein skatt som demokratiet vårt er heilt avhengig av. Det skal vere fint å høyre på folk du er rykande ueinig med. Vi bør juble for det!
Det står ikkje berre bra til, meiner Gerhardsen.
- Ei stor bekymring
- Eg liker å bygge opp ting. Dette er også ein veldig fri jobb. Lytring er er ei lita øy i universitetsverda, seier ho.
Gerhardsen har bakgrunn som journalist. Dei siste 12 åra har ho også markert seg som kunstkritikar. Ho har vore medlem av Ytringsfridomskommisjonen. Ho er blitt kåra til årets frilansar og blitt nominert til årets namn i akademia i Khrono


































































































