Uniforum
20.06.2023
Minst 5,3 prosent i lønnsauke får alle UiO-tilsette som er organiserte i Unio eller Akademikarane eller er uorganiserte. Det er resultatet av dei lokale lønnsforhandlingar med UiO.
Avtalen fører til at det ikkje blir gjennomført individuelle lønnsforhandlingar på denne avtalen i år for dei som er medlemar i Unio og Akademikarane, som er to av hovudorganisasjonane i staten.
Les merLO og YS neste organisasjonar ut
- No er det LO og YS som skal i møte med oss om dei lokale lønnsforhandlingane, opplyser organisasjons- og personaldirektør Irene Sandlie ved UiO til Uniforum. Alle deira medlemar har i dei sentrale forhandlingane fått 31 000 kvar i kronetillegg. Dermed står det igjen å forhandla lokalt om berre 0,85 prosent av den samla lønnspotten som det blei forhandla om i vår.
- Eg er veldig


































































































