AddToAny

UiO utnemner ei arbeidsgruppe som skal føreslå ny språkpolitikk

Press frå fleire av medlemane i Universitetsstyret har ført fram. Ei eiga arbeidsgruppe skal føreslå ny språkpolitikk for UiO.
I februar neste år skal Universitetsstyret vedta ein ny språkpolitikk for UiO. Men før dei kjem så langt skal Universitetsstyret ta stilling til forslaget om å vedta å oppnemna ei arbeidsgruppe som skal koma med framlegg til ny språkpolitikk. Den avgjerda skal takast på møtet i Universitetsstyret førstkomande tysdag.

UiO får ny språkpolitikk frå februar neste år

Etter den føreslåtte planen skal ei arbeidsgruppe med representasjon frå tilsette, studentar og eksterne utnemnast i løpet av denne månaden. Frå juni til oktober skal gruppa utvikla framlegg til ny språkpolitikk, og det skal vera på bordet den 31. oktober. Fram til den datoen skal det skipast til innspelmøte, gjennomførast dialog med mellom andre studentar, internasjonalt tilsette og andre grupper. Frå november til desember skal utkastet frå arbeidsgruppa bli sendt ut på høyring til fakulteta og på opa høyring på heile universitetet. Og i møtet i februar, skal Universitetsstyret vedta den endelege språkpolitikken, som vil begynna å verka frå same stund.

Styrerepresentantar ville ha arbeidsgruppe

Dermed har styrerepresentantane som tok til ordet for at det burde opprettast ei arbeidsgruppe som kan føreslå ein ny språkpolitikk, fått medhald hos UiO-leiinga. I det førre møtet var representant for dei mellombels vitskaplege tilsette Anniken Hotvedt Sundby heilt klart på at UiO burde fylgja det same opplegget som både Universitetet, Bergen, NTNU og Universitetet i Agder hadde vedtatt for ny språkpolitikk. "- Der har dei sett ned ei eige arbeidsgruppe som skal utarbeida språkstrategi," peika ho på. Ho fekk støtte både styrerepresentantane for dei fast vitskaplege tilsette Ingrid Lossius Falkum og Finn-Eirik Johansen. Også ekstern representant Qaisar Farooq Akram gav støtte til innspelet frå Hotvedt Sundby. "- Det er ein god idé å opprette ei arbeidsgruppe," meinte han. Også dei andre representantane som tok ordet var positiv til dette.

UiO-rektor Svein Stølen noterte seg ønska og forslaga frå representantane når det gjeld utforminga av ein ny språkpolitikk for UiO.

"- Me skal koma tilbake til dette," lova han.

Blir bedne om å slå ring om viktige prinsipp

No føreslår universitetsdirektør Arne Benjaminsen at Universitetsstyret vedtar forslaget om både om å utnemna ei slik arbeidsgruppe og mandatet for gruppa på møtet førstkomande tysdag. I bakgrunnsnotatet vert fleire av prinsippa som må takast vare på, trekte fram. Det handlar mellom anna om at språkpolitikken ved universitetet skal utformast slik at den tar vare på og utviklar bruk av norsk språk og fagterminologi. Det vert dessutan lagt vekt på at UiOs rolle som internasjonalt forskingsintensivt universitet må takast vare på. Ein ventar også at studentar skal kunna kjenna til og bruka eit fagspråk både på norsk og engelsk, eller eit anna framandspråk. Av dei tilsette vert det venta at dei har gode kunnskapar om både norsk og engelsk, går det fram av sakspapira.

Går vidare med planar om å slå saman OD og MED

Som Uniforum melde rett før helga, vil universitetsleiinga gå v

Les mer

Flere saker fra Uniforum

Regjeringen er opptatt av å gi universitetene og høyskolene gode rammer til å forme lærerutdanningene. Nå skal en ny ekspertgruppe se nærmere på hvordan styringen kan bli mer overordnet.
Uniforum 28.09.2023
Universitetet i Oslo faller på den siste rangeringen til Times Higher Education. Samtidig går det oppover med NTNU, melder Khrono. I fjor ble UiO rangert som Nordens sjette beste universitet, men i år faller det ned til åttendeplass.
Uniforum 27.09.2023
- Politikk er skeivt fordelt. Men i eit liberalt demokrati kan me ikkje forby nokon å påverka. Å ha eit lobbyregister kunna vera eit sunt steg, foreslår statsvitskapsprofessor Sirianne Dahlum.
Uniforum 27.09.2023
Vibeke Roggen rakk så vidt å sikre seg tittelen professor i latin før hun gikk av med pensjon.
Uniforum 27.09.2023
Risikovurderingen er unnagjort. Mandatet for utredningen er nesten ferdig. Alt burde egentlig ligge til rette for en god prosess videre. Men noe har dukket opp.
Uniforum 26.09.2023

Nyhetsbrev

Lag ditt eget nyhetsbrev:

magazines-image

Mer om mediene i Fagpressen

advokatbladet agenda-316 allergi-i-praksis appell arbeidsmanden arkitektnytt arkitektur-n astmaallergi automatisering baker-og-konditor barnehageno batmagasinet bedre-skole bioingenioren bistandsaktuelt blikkenslageren bobilverden bok-og-bibliotek bondebladet buskap byggfakta dagligvarehandelen demens-alderspsykiatri den-norske-tannlegeforenings-tidende diabetes diabetesforum din-horsel energiteknikk fagbladet farmasiliv finansfokus fjell-og-vidde fontene fontene-forskning forskerforum forskningno forskningsetikk forste-steg fotterapeuten fri-tanke frifagbevegelse fysioterapeuten gravplassen handikapnytt helsefagarbeideren hk-nytt hold-pusten HRRnett hus-bolig i-skolen jakt-fiske journalisten juristkontakt khrono kilden-kjonnsforskningno kjokkenskriveren kjottbransjen kommunal-rapport Kontekst lo-aktuelt lo-finans lo-ingenior magasinet-for-fagorganiserte magma medier24 museumsnytt natur-miljo nbs-nytt nettverk nff-magasinet njf-magasinet nnn-arbeideren norsk-landbruk norsk-skogbruk ntl-magasinet optikeren parat parat-stat politiforum posthornet psykisk-helse religionerno ren-mat samferdsel seilmagasinet seniorpolitikkno sikkerhet skog skolelederen sykepleien synkron tannhelsesekreteren Tidsskrift for Norsk psykologforening traktor transit-magasin transportarbeideren uniforum universitetsavisa utdanning vare-veger vvs-aktuelt