- Me tar grep for å å styrkja vernet om akademisk fridom. Og me vil leggja større vekt på å verna dei som utøvar den akademiske fridomen enn den institusjonelle fridomen. Men me vil ikkje lovfesta at institusjonane skal undervisa i akademisk fridom. Alle dei statlege institusjonane må ta vare på akademisk fridom i forsking og andre område under institusjonane, understreka Ola Borten Moe.
Får ikkje leggja ned studiestader
I forslaget til ny universitets- og høgskulelov vil styra for institusjonane mista makta til å leggja ned studiestader. Det skal no avgjerast av Kongen i statsråd, understreka forskings- og og høgare utdanningsministeren.
Ei anna omtalt sak er spørsmålet om det skal vera to sensorar på alle eksamenar i høgare utdanning. Etter innspel frå institusjonane om kva økonomiske konsekvensar det vil føra til, har regjeringa landa på eit forslag der det skal vera to sensorar på dei viktigase eksamenane på bachelornivå.
Strammar inn reglane for mellombelse tilsetjingar
Dessutan står det i forslaget at det er eit mål å få ned talet på mellombels tilsette forskarar. Og når det gjeld fusk, blir det spesifisert at det ikkje er fusk å sjølvplagiera seg sjølv, viss det handlar om ein tekst som den aktuelle studenten ikkje tidlegare har publisert eller fått utteljing for.
Tidllegare denne veka la Ola Borten Moe og kultur- og lkestillingsminister Anette Trettebergstuen fram ein handlingsplan for norsk fagspråk i akademia. Der blir det føreslått ei endring i den nye universitets- og høgskulelova der det står at undervisningsspråket er norsk (nynorsk og bokmål) eller samisk.
I


































































































