Både Jensen og pensjonsekspert i DNB, Stian Revheim, har første råd klart til framtidige pensjonistar:
Råd 1: Skaff deg ei oversikt.
Her finst det tenester du kan bruke, som Min Pensjon, utarbeida av pensjonsføretaka. Her får du vite kor mykje du sparer, kvar du sparer og kva du kan vente å få utbetalt.
- Er du 35 år og ønskjer å få utbetalt rundt 80 prosent av lønna di i pensjon, bør du spare tilsvarande 25 prosent av lønna di. Men staten sparer allereie 18,1 prosent gjennom Folketrygda, seier Revheim.
Har du ein arbeidsgjevar, er denne pliktig til å spare minst to prosent - og maksimum sju prosent. Sparer arbeidsgjevar sju prosent, er dette nok, gitt at sparinga er plassert i aksjefond og at aksjemarknaden oppfører seg som før.
Ein annan føresetnad er at lønna di ikkje overstig 7,1 G (850.000 kroner), påpeikar Revheim.
AKTIV HANDLING: Du kan alltid justere pensjonssparinga di, men det krev ei aktiv handling, ifølgje Stian Revheim. (Foto: Tove Lise Mossestad)
- Tener du meir enn det, vil du ikkje spare frå det overskytande beløpet gjennom Folketrygda, seier han.
Råd 2: Sjekk gebyra.
I «Min Pensjon» kan du også finne ut om du betaler høge gebyr utan å vite det.
- Kanskje jobbar du i det private og har bytta jobb. Då risikerer du at den førre arbeidsgjev