Forskinga driv ho på med i ein provisorisk bygning inne på området til Ullevål sykehus.
- Eg veit korleis det er å koma til Noreg frå eit anna land
No er ho ein av dei seks som stiller som kandidat for dei mellombels vitskaplege tilsette i Universitetsstyret. Og Isabel Viiola Kreis synest det er viktig.
--Grunnen til at eg stiller opp, er fordi eg bryr meg. Og eg føler at eg representerer veldig godt det breie spekteret me har av mellombels vitskaplege tilsette. Eg har tatt ph.d. jobba som forskar og er no postdoktor i Noreg. Samtidig veit eg korleis det er å koma til Noreg frå eit anna land med alle dei språklege og kulturelle utfordringane det kan føra med seg, seier ho til Uniforum.
For tida er ho vararepresentant for mellombels vitskaplege tilsette i instituttrådet ved Institutt for klinisk medisin på UiO. Tidlegare har ho vore representant for stipendiatane i styret for «Norwegian Research School in Neuroscience».
Isabel Viola Kreis kjem frå Götingen i Tyskland, og kom først til Noreg som utvekslingsstudent ved Universitetet i Tromsø i 2015. Då måtte ho dra tilbake til Tyskland for å bli ferdig med psykologutdanninga, men planen var å koma tilbake.
- Og det gjorde eg, og det har eg aldri angra på, seier ho bestemt.
- Vil ha fokus på karriereutvikling
Postdoktoren er overtydd om at hennar erfaring som mellombels vitskapleg tilsett, gjer at ho veit kvar skoen trykkjer, og det kan ho dra nytte av når ho skal ta opp saker i Universitetsstyret. For det er ikkje alt som er på stell for dei mellombels vitskaplege tilsette på UiO.
- Eg har jobba ganske mykje med karriereutvikling på dette senteret, og eg har sett og høyrt frå stip


































































































