Khrono
08.05.2023
Sjølv om fakultetet ikkje er skuld i den pressa økonomiske stoda, fritar ikkje det leiinga og styret frå å løfte blikket opp mot det nasjonale planet i denne saka, skriv medievitskapsprofessor Asbjørn Grønstad.
Her i Khrono har det etter kvart vore mange engasjerte innlegg om det nedleggingstrua teatervitskap ved UiB. Somme har halde fram fakultetet sin bemanningsplan som eit nærmast sakralt dokument, medan andre igjen har påpeika eksistensen av verdiar som dette kunnskapsgrunnlaget ikkje tilstrekkeleg fangar opp. Atter andre har fortenestefullt forklart korleis basisoverføringa til universiteta utløyser eit særskilt institusjonelt ansvar for forvaltninga av fagleg breidde.
Les merIngen kan vere i tvil om at dette er ei kompleks problemstilling, med mange og til dels motstridande omsyn. Sett utanfrå finst det likevel eit overordna perspektiv her: det som står på


































































































