Khrono
03.05.2023
Ja, HF har eit særleg ansvar for å sikre fagleg breidde ved UiB. Men det er for lettvint å tenkje at vi løyser denne oppgåva best ved å kutte i dei store faga, skriv professor Yngve Flo.
Professor Kjell Erik Lommerud gjer i Khrono av 27. april nokre vurderingar knytt til arbeidet med ny bemanningsplan på Det humanistiske fakultet, og peikar i denne samanheng på det særskilde ansvaret fakultet har for å vareta Universitetet i Bergen (UiB) som eit breiddeuniversitet. Delar av argumentasjonen går på formelle plikter, og kva disposisjonar fakultetet reint faktisk har lov til å gjennomføre. Om eg forstår Lommerud rett, er einskilde fag så små at dei allereie i utgangspunktet burde ha vore formelt verna mot å bli vurderte for inndraging av stillingar. Dette spørsmålet har eg sjølv ingen føresetnader for å vurdere, men om dette verkeleg er tilfelle, tillèt eg meg å undre meg over at ein slik viktig premiss ikkje er fastslått for lengst - også lenge før arbeidet med den noverande bemanningsplanen tok til.
Les merAndre delar av argumentasjonen tek utgangspunkt i at heile finansieringssystemet for HF by


































































































