AddToAny

Ettertankar frå ekstern kandidat Roppen

Johann Roppen deler i dette innlegget nokre refleksjonar omkring det å stille som ekstern kandidat i eit rektorval.
Og eg har alt gratulert ny rektor Elin Mordal med valsigeren og vil også her takke både ho og rektor/rektorkandidat Steinar Kristoffersen for valkampen.

Både før, under og etter valet har eg vore sikker på at uansett utfall så ville eg få viktige erfaringar knytt til det å stille til val som rektorkandidat ved ein «annan» institusjon enn min eigen, og det er jo ei erfaring som svært få har røynt. Og difor vil eg dele nokre refleksjonar omkring det å stille som ekstern kandidat. Og så får det våge seg at somme kanskje vel å tolke desse refleksjonane som sutring eller bortforklaring frå ein tapande kandidat.

Eg har sjølv stått i striden om vald eller tilsett rektor ved Høgskulen i Volda, både i 2017 og i 2022. Ved begge høva vart resultatet i styret at det vart 6-5 for å halde fram med ordninga med vald rektor. Eitt av argumenta for tilsett rektor er at då blir det lettare å rekruttere ekstern kompetanse. Svaret frå oss som vil ha vald rektor er at det er også mogleg å velje ein ekstern som rektor, det står jo klart og tydeleg i universitets- og høgskulelova. Men det skjer jo nesten aldri, er motsvaret. Og det er jo rett. Og det kan det vere gode grunnar til. Men kanskje er det råd å gjere noko med det? Er det mogleg for ein ekstern kandidat å vere ein seriøs utfordrar i eit rektorval?

Prinsippet om at vald rektor er verdifullt, og eg ville nok ikkje søkt på ei rektorstilling - men å stille opp til val - det er noko anna! Etter å ha drive valkamp nokre intense veker våren 2023 er eg i alle fall heilt sikker på at det er ein mykje tøffare prosess å drive valkamp enn å bli tilsett av eit styre. I ein valkamp er du oppe til vurdering konstant i fleire veker og møter kanskje eit hundretals potensielle veljarar direkte, i møte, på telefon eller video og naturlegvis på e-post. Skal du tilsettast som toppleiar skriv du ein søknad, møter eit tilsettingsutval eit par-tre gonger i ein time eller to. Og så må du svare på spørsmål og gjerne bli testa av eit rekrutteringsbyrå som gir deg spørsmål du kanskje har høyrt mange gonger før. Ikkje noko gale sagt om dei som vert tilsett på denne «normale» måten - men her var det altså tidsbruk og intensitet eg snakka om.

Det var likevel ikkje slike ting eg tenkte mest på då nominasjonskomiteen ved Høgskolen i Molde tok kontakt med meg og lurte på om eg kunne vere inte

Les mer

Flere saker fra Khrono

Hvor lett skal vi gjøre det for KI-generasjonen, spør student. Har vi ikke universiteter for å oppdra individer som kan undersøke, skrive og tenke selv, istedenfor å leke gjetteleken med informasjon fra ChatGPT?
Khrono 28.09.2023
Regjeringen vil ha mindre detaljstyring. Prosessen startet i sommer, og fortsetter nå.
Khrono 28.09.2023
Over en tredel av studentene ved fagskolene har ikke opplevd at representanter fra arbeidslivet har bidratt i utdanninga hittil i studiet, viser Studiebarometeret for fagskolestudenter.
Khrono 28.09.2023
Han framsto som en usedvanlig dyktig søker da han søkte jobb hos Universitet i Bergen. Nå vil universitetet be redelighetsutvalget se på covid-19-artiklene han publiserte mens han var ansatt.
Khrono 28.09.2023
Leder av sykepleieforbundets studentorganisasjon mener universitets- og høgskoleloven i for liten grad ivaretar studenter og deres rettigheter.
Khrono 27.09.2023

Nyhetsbrev

Lag ditt eget nyhetsbrev:

magazines-image

Mer om mediene i Fagpressen

advokatbladet agenda-316 allergi-i-praksis appell arbeidsmanden arkitektnytt arkitektur-n astmaallergi automatisering baker-og-konditor barnehageno batmagasinet bedre-skole bioingenioren bistandsaktuelt blikkenslageren bobilverden bok-og-bibliotek bondebladet buskap byggfakta dagligvarehandelen demens-alderspsykiatri den-norske-tannlegeforenings-tidende diabetes diabetesforum din-horsel energiteknikk fagbladet farmasiliv finansfokus fjell-og-vidde fontene fontene-forskning forskerforum forskningno forskningsetikk forste-steg fotterapeuten fri-tanke frifagbevegelse fysioterapeuten gravplassen handikapnytt helsefagarbeideren hk-nytt hold-pusten HRRnett hus-bolig i-skolen jakt-fiske journalisten juristkontakt khrono kilden-kjonnsforskningno kjokkenskriveren kjottbransjen kommunal-rapport Kontekst lo-aktuelt lo-finans lo-ingenior magasinet-for-fagorganiserte magma medier24 museumsnytt natur-miljo nbs-nytt nettverk nff-magasinet njf-magasinet nnn-arbeideren norsk-landbruk norsk-skogbruk ntl-magasinet optikeren parat parat-stat politiforum posthornet psykisk-helse religionerno ren-mat samferdsel seilmagasinet seniorpolitikkno sikkerhet skog skolelederen sykepleien synkron tannhelsesekreteren Tidsskrift for Norsk psykologforening traktor transit-magasin transportarbeideren uniforum universitetsavisa utdanning vare-veger vvs-aktuelt