Uniforum
17.04.2023
Laurdag blei medisinstudent Oline Marie Sæther frå UiO vald til ny leiar for Norsk studentorganisasjon. - Eg gler meg til å ta fatt på oppgåva, seier ho.
- Gratulerer med valet som ny leiar for Norsk studentorganisasjon Oline Marie Sæther!
Les mer- Det var hyggeleg, seier ho til Uniforum sundag kveld, dagen etter at ho blei valt til leiar for alle Noregs studentar. Oline Marie Sæther blei valt etter ei kampvotering mellom henne og motkandidaten Karl Magnus Nikolai Coronus Dretvik Nyeng frå OsloMet.
- Det var bra at det var landsmøtet som kunne ta det endelege valet.
- Kva vil du gjera når du tar til i vervet 1. juli?
- Å jobba for studentane sin økonomiske situasjon. Det er viktig å få tid til å studera og ikkje berre jobba. At studiestøtta må opp til 1,5 G står fast. Det er viktig for studentane skal ha det


































































































