Det var ei vidaresending av ei twittermelding som oppfordra til protest mot unntaksstilstanden og forslaget frå presidenten om å gjenninnføra dødsstraff i Tyrkia, som førte til at Ishtar Gözaydin fekk sparken som professor ved Gediz University i Izmir i juli 2016. Den 31. januar 2018 blei ho frikjent for alle skuldingar om at ho hadde støtta terrorisme.
Kampen for menneskerettane, den akademiske fridomen og demokratiet i Tyrkia både i og utanfor fengselet, gav Ishtar Gözaydin UiOs menneskerettspris for 2017. Den mottok ho først digitalt fordi ho hadde fått forbod mot å reisa ut av Tyrkia.
For litt over ein månad sidan møtte Uniforum Isthar Gözaydin igjen i husværet hennar der ho kan nyta eit panoramautsyn til Bosporos-stredet mellom den asiatiske og europeiske delen av Istanbul. Sidan sist me besøkte henne, har mannen Iskender Savasir gått bort. No bur ho der åleine saman med kattane sine.
Skriv bok om religion og den tyrkiske staten
Etter at ho mista jobben på Gediz University i Izmir, har ho vore frilansakademikar samtidig som ho har laga radioprogram om klassisk musikk.
Like etter Noregsturen i november 2019 kom pandemien i mars 2020. Då blei reiseforbodet gjeninnført, ikkje berre for henne, men for alle i Tyrkia og i resten av verda.
Dei siste åra har ho jobba frå heimen sin. Ishtar Gözaydin er utdanna jurist, men har spesialisert seg på forholdet mellom religion og politikk i Tyrkia.
- Akkurat no held eg på med eit akademisk prosjekt som skal bli ei bok om religion, stat og samfunn i Tyrkias moderne historie. Eg tar utgangspunkt i 1808 og skriv om forholdet mellom religion og stat fram til no. Boka skal utgjevast på University of Edinburgh Press. Og bortsett frå dette har eg ikkje hatt noko anna liv, seier ho med eit smil.
- Kva vitskaplege funn har du gjort så langt?
- Det får du først vita når boka kjem ut på slutten av året, er alt ho vil seia om den saka.
Når det gjeld situasjonen for den akademiske ytringsfridomen i Tyrkia, fekk ho sjølv erfara kor dårleg det står til med den, då ho måtte sitja tre og ein halv månad i kvinnefengselet i Izmir etter indirekte å ha støtta ei oppfordring til både å protestera mot unntaksstilstanden etter kuppforsøket i juli 2016 og forslaget frå president Recep Tayyip Erdogan om å innføra dødsstraff i Tyrkia. Det førte til at ho fekk utreiseforbod til den endelege rettssaka mot henne kunne haldast i januar 2018. Då blei ho blankt frifunnen for skuldin


































































































