Uniforum
23.03.2023
Då nokre av dei tilsette på ein asiatisk restaurant i Oslo opplevde å bli utsette for rasistiske tilrop i fjor, greip jusstudenten Celine Song Mee Nilsen inn. Handlekrafta hennar er no blitt belønna med ein pris.
Det er fullt i auditorium 2 i Domus Juridica då representantar frå Juridisk studentutval, Foreininga for minoritetsjuristar på Det juridiske fakultetet og Antirasistisk senter kunngjer namnet på personen som er tildelt Studentane sin inkluderingspris for 2023. Den
Les merNamnet som blir ropt opp er Celine Song Mee Nilsen. Ho går opp til podiet og rørt tar ho imot pris og blomar frå medstudentane sine, Nicholas Bertheau Solem, leiar for Juridisk studentutval og Bartek Mioskowski, som er nestleiar for Minoritetsjuristane på Det juridiske fakultetet.
- Blei utsett for grov rasisme
Etter utdelinga fortel Celine Song Mee Nilsen Uniforum meir om historia som ligg bak at ho blei nominert til denne prisen.
- Det var ei hending i fjor sommar, då eg var på ein restaurant der personalet blei utsett for


































































































