Studentar frå land utanfor EØS og Sveits kan måtta betala frå 130 000 til 500 000 til kroner i årleg studieavgift på UiO frå studieåret 2023/24. Dei dyraste studia blir medisin og odontologi. Det går fram av eit forslag Universitetsstyret skal ta stilling til i møtet i dag.
Universitetsstyret skal i tillegg drøfta UiOs utkast til høyringsfråsegn om utgreiinga frå opptaksutvalet. Der går det fram at UiO vil støtta forslaget om å oppretta ein rangerande opptaksprøve retta mot søkjarar med eit grunnlag som ikkje kan utreknast i poeng, og søkjarar som ynskjer å betra rangeringsposisjonen sin.
Også spørsmålet om Sosialantropologisk institutt skal få lov til å gå frå vald til tilsett instituttleiar skal Universitetsstyret bestemma på møtet på tysdag. Samtidig blir Universitetstyret bede om å godkjenna at dagens instituttleiar får halda fram i vervet til den nye instituttleiaren er klar.
Og bak stengde dører skal Universitetsstyret tilsetja direktør for UiO:Energi og miljø. For åremålet for dagens direktør Vebjørn Bakken er i ferd med å gå ut.
På den opne delen a