Digitalisering i den grøne omstillinga, energi og korleis det vil vera mogleg å gjera det grøne skiftet best mogleg for alle overalt, er moglege forskingsområde senteret kan setja i gang, sa senterleiar Morten Dæhlen under markeringa av partnarprogrammet i Forskingsparken i ettermiddag.
Dit hadde han invitert representantar for dei nye partnarane, DNB, DNV, Equinor, Kongsberg, Helse Sør-Øst og Oljefondet.
- Det er gjensidig befruktande
Det var UiO-rektor Svein Stølen som heldt opningstalen.
- Av og til vert dei ulike forskings- og utviklingssystema sette opp mot kvarandre. Det må me slutta med. Det me må gjera er å kopla saman økosystemet for forsking og utvikling. Me må snakka opp forsking og me må snakka opp kunnskap. Me er heilt avhengige av sterk forsking og sterk kunnskap for å utvikla oss som nasjon. Og me treng eit kunnskapsbasert næringsliv, understreka Stølen, som meinte det var bra for UiO å få inn impulsar utanfrå.
- Det er gjensidig befruktande. Og når me ser på nabolanda våre Sverige o


































































































