Uniforum
01.03.2023
Alt frå inflasjonen til Oljefondet fekk sentralbanksjef Ida Wolden Bache spørsmål om etter at ho hadde repetert årstalen sin for studentane på Økonomisk institutt i går. - Det var gode spørsmål, tykte ho.
Det var nesten fullsett i Ragnar Frischs auditorium i Eilert Sundts hus då sentralbanksjef Ida Wolden Bache rekonstruerte årstalen sin for studentane på Økonomisk institutt på UiO. Dermed heldt ho i hevd ein tradisjon som forgjengaren hennar Øystein Olsen starta for 12 år sidan. Etter talen ville studentane ha svar på alt frå korleis Oljefondets utvida aksjeportefølje påverkar statsbudsjettet til korleis det var å stå i stormen mot alle ekspertane etter at ho hadde vedtatt å setja opp renta.
Les mer- Eit langsiktig fond som kan tola slike svingingar
Ida Wolden Bache var også raus med å gi svar til alle studentane som stilte spørsmål.
- No er det slik at denne sentralbanksjefen også er styreleiar for Oljefondet. Og det er regjeringa og Stortinget som fastset