For eitt år sidan invaderte Russland nabolandet Ukraina. Etter fleire månader med oppmarsj av soldatar i grenseområda mellom Russland og Ukraina og mellom Belarus og Ukraina, gjorde president Vladimir Putin alvor av trugsmålet og sette inn eit storstilt åtak den 24. februar 2022. Resultatet blei store menneskelege lidingar og død blant sivile hos ukrainarane, medan mange hundre tusen soldatar er døde på begge sider.
Over fem millionar flyktningar frå Ukraina er komne til andre delar av Europa, aller flest til Polen og Tyskland, men over 30 000 har så langt også kome til Noreg. I tillegg er sju millionar ukrainarar internt fordrivne i heimlandet sitt. I Noreg har alle parti frå Framstegspartiet til og med Raudt støtta Ukraina i krigen, sjølv om ikkje alle partia heile tida har vore like ivrige på å senda våpen til Ukraina.
Uansett så kjem det unison støtte frå heile det norske folket t


































































































