AddToAny

Studentombodet: - Oppgåva vår er å lytta til klagene frå studentane

Marianne Høva Rustberggard blei tilsett som Noregs første studentombod på UiO hausten 2012. Over ti år etter har alle studentar i Noreg eit studentombod å gå til.
I dag sit studentombod Marianne Høva Rustberggard i 6. etasje i Lucy Smiths hus saman med andre uavhengige vaktarar som vitskapsombodet og internrevisjonen. Sidan Marianne Høva Rustberggard starta opp som ei einsleg svale i Kristian Ottosens hus i 2013, har ho fått to nye medarbeidarar, Pål Gustavsen som er studentombod for andre høgare utdanningsinstitusjonar i Oslo og rådgjevar Ingvild Refsum.

Må vera klager om noko som UiO kan påverka

I 10 år har studentombodet tatt imot klager frå studentar om alt frå seksuell trakassering, til manglande oppfylling av retten til universell utforming og tilrettelegging på førelesingar og eksamenar og til manglande godkjenning av oppgåver på grunn av at rettleiar og sensor har tilhøyrt ulike fagtradisjonar.

- Me er glade for at retten til eit trygt og godt arbeidsmiljø no er spesifisert i Universitets- og høgskulelova. Forbodet mot gjengjelding har lenge vore med i UiOs retningslinjer, men er no også tatt med i lova, seier Høva Rustberggard til Uniforum.

Det hender studentar trur at Studentombodet også kan ta opp klager mot Studentsamskipnaden i Oslo (SiO).

- Dei klagene som me kan handtera må vera om noko som UiO kan påverka. Me får til dømes inn fuskesaker på eit tidleg stadium, og Sei frå-saker, og i all hovudsak direkte frå studenten det gjeld, presiserer ho.

Sjølv kan ho ikkje trekkja fram konkrete saker, men ho ser ein tendens til kva klager det er mest av.

- Mangel på tilrettelegging for studentar som har rett

Les mer

Flere saker fra Uniforum

Regjeringen er opptatt av å gi universitetene og høyskolene gode rammer til å forme lærerutdanningene. Nå skal en ny ekspertgruppe se nærmere på hvordan styringen kan bli mer overordnet.
Uniforum 28.09.2023
Universitetet i Oslo faller på den siste rangeringen til Times Higher Education. Samtidig går det oppover med NTNU, melder Khrono. I fjor ble UiO rangert som Nordens sjette beste universitet, men i år faller det ned til åttendeplass.
Uniforum 27.09.2023
- Politikk er skeivt fordelt. Men i eit liberalt demokrati kan me ikkje forby nokon å påverka. Å ha eit lobbyregister kunna vera eit sunt steg, foreslår statsvitskapsprofessor Sirianne Dahlum.
Uniforum 27.09.2023
Vibeke Roggen rakk så vidt å sikre seg tittelen professor i latin før hun gikk av med pensjon.
Uniforum 27.09.2023
Risikovurderingen er unnagjort. Mandatet for utredningen er nesten ferdig. Alt burde egentlig ligge til rette for en god prosess videre. Men noe har dukket opp.
Uniforum 26.09.2023

Nyhetsbrev

Lag ditt eget nyhetsbrev:

magazines-image

Mer om mediene i Fagpressen

advokatbladet agenda-316 allergi-i-praksis appell arbeidsmanden arkitektnytt arkitektur-n astmaallergi automatisering baker-og-konditor barnehageno batmagasinet bedre-skole bioingenioren bistandsaktuelt blikkenslageren bobilverden bok-og-bibliotek bondebladet buskap byggfakta dagligvarehandelen demens-alderspsykiatri den-norske-tannlegeforenings-tidende diabetes diabetesforum din-horsel energiteknikk fagbladet farmasiliv finansfokus fjell-og-vidde fontene fontene-forskning forskerforum forskningno forskningsetikk forste-steg fotterapeuten fri-tanke frifagbevegelse fysioterapeuten gravplassen handikapnytt helsefagarbeideren hk-nytt hold-pusten HRRnett hus-bolig i-skolen jakt-fiske journalisten juristkontakt khrono kilden-kjonnsforskningno kjokkenskriveren kjottbransjen kommunal-rapport Kontekst lo-aktuelt lo-finans lo-ingenior magasinet-for-fagorganiserte magma medier24 museumsnytt natur-miljo nbs-nytt nettverk nff-magasinet njf-magasinet nnn-arbeideren norsk-landbruk norsk-skogbruk ntl-magasinet optikeren parat parat-stat politiforum posthornet psykisk-helse religionerno ren-mat samferdsel seilmagasinet seniorpolitikkno sikkerhet skog skolelederen sykepleien synkron tannhelsesekreteren Tidsskrift for Norsk psykologforening traktor transit-magasin transportarbeideren uniforum universitetsavisa utdanning vare-veger vvs-aktuelt