Uniforum
16.02.2023
- Eg tilhøyrer kategorien dame med korg blant syklistane, og derfor er det fint at denne gang-og sykkelbrua er så brei. Det sa ordførar Marianne Borgen då ho idag opna den nye brua langs Livsvitskapsbygget. Prisen er på 95 millionar kroner.
Både direktør Carl Henrik Gørbitz i UiO:Livsvitskap, prosjektleiar for Livsvitskapsbygget, Per Roger Johansen i Statsbygg og seksjonssjef Øystein Tandberg i Statens vegvesen var på plass då ordførar Marianne Borgen skulle opna den nye gang- og sykkelvegbrua melllom Domus Athletica og Gaustadalleen i dag.
Les merBrua har kosta 95 millionar kroner, får Uniforum opplyst hos prosjektleiar for gang- og sykkelbrua, Hedvig Skappel hos Statsbygg. Brua vil gjera det mykje tryggare for syklistar og gåande å koma seg fram mellom Ring 3 og Livsvitskapsbygget. Den nye strekninga er 172 meter lang, og den er sju og ein halv meter brei.
Brukte eitt år på brua
Og det var prosjektleiar for bygginga av Livsvitskapsbygget. Per Roger Johansen som tok ordet først før brua skulla opnast.
- Arbeidet tok til for eit


































































































