Det var hausten 2021 Kulturhistorisk museum gjennomførte ei utgraving av eit gravfelt ved Svingerud i Hole kommune i samband med at Nye veier skulle byggja ny jernbane og motorveg frå Sandvika til Hønefoss. I gravfeltet var det fire gravhaugar og to flatmarksgraver frå eldre jernalder. Under den eine gravhaugen fann arkeologane ei flatmarksgrav med kremerte menneskebein, trekol og stein.
Men dei oppdaga også noko heilt uventa. Det fortel prosjektleiar Steinar Solheim. Han og runolog Kristel Zilmer møter Uniforum på Kulturhistorisk museums avdeling i St. Olavs gate. Mellom seg har dei plassert runesteinen som blei funnen i Hole på Ringerike hausten 2021. Og det tok ei stund før dei oppdaga kva unikt funn dei hadde gjort.
Fekk tekstmelding om moglege runeinnskrifter
- Siste dag i felt tok me inn ein stein som me ikkje hadde lagt merke til noko spesielt med tidlegare. Då me kom inn på museet, fekk me betre lys, og då ser utgravingsleiaren vår Judyta Zawalska ristningar på steinen og ho skjønar fort at me står overfor noko spesielt, og sannsynlegvis runeinnskrifter. Så får eg først ei tekstmelding, og eg lurer på kva skjer her? Har me fått med oss denne steinen inn, og kvar kjem den ifrå? Då sende eg ein e-post til runolog Kristel Zilmer som også fekk litt av den same aha-opplevinga, fortel Steinar Solheim. Det stadfestar Kristel Zilmer.
- Det var ein veldig overraskande e-post som kom til meg om ettermiddagen fredag 12. november 2021, seier ho.
- Runologisk adrenalin
- Og der står det at det har dukka opp ein stein med noko som dei trur er runer. Dei har lagt ved bilete av steinen. Då eg skrollar nedover bileta, så kjem det noko som eg kan kalla for runologisk adrenalin over meg. Kva er dette for noko? Som forskar er du


































































































