AddToAny

UiO-professor om Iran: - Folk er ikkje redde lenger

- Folk er ikkje lenger redde for regimet i Iran, sjølv om dei avrettar demonstrantar. Det seier Mahmood Amiry-Moghaddam, UiO-professor i medisin og leiar for Iran Human Rights.
I september døydde den kurdiske studenten Mahsa (Jina) Amini i moralpolitiets varetekt i Teheran. Grunnen til at ho hadde blitt hanka inn var fordi ho ikkje hadde hatt hijaben på seg heilt etter føreskriftene. Dødsfallet gjorde inntrykk på både unge og eldre i Iran, og førte til store demonstrasjonar av unge og eldre i byar over heile landet og også i andre delar av verda. Dei iranske styresmaktene har møtt demonstrantane med vald, og så langt er 516 demonstrantar drepne av politiet, ifylgje BBC som refererer til Human Rights Activists' News Agency. I tillegg har dei iranske styresmaktene så langt avretta fire av demonstrantane. Fleirtalet av demonstrantane har vore svært unge.

- Ingen blei dømde for drap

UiO-professor i medisin Mahmood Amiry-Moghaddam er leiar for Iran Human Rights, og han fylgjer nøye med på situasjonen i Iran og har sett på bakgrunnen for dei fire dødsdommane.

- Dei blei dømde for det dei iranske styresmaktene kallar for "Moharebeh" som vil seia krig mot gud og for å spreia frykt blant folk eller «korrupsjon på jorda", og for å ha deltatt i protestane. Ved to tilfelle blei to medlemar av basidj-militsen drepne, og i eitt tilfelle blei ein basidj-milits såra. Så ingen av dei blei dømde for drap, fortel han til Unifrum.

Dei siste avrettingane har ikkje stansa demonstrasjonane, derimot har dei kome i gang igjen med like stor intensitet som før.

- Fryktbarrieren er rast saman

Mahmood Amiry-Moghaddam meiner dei siste demonstrasjonane skil seg radikalt frå tidlegare protestar mot makthavarane i Iran.

- Det har aldri skjedd noko liknande i dei 17 åra Iran Human Rights har eksistert. Som dagleg leiar overvakar me situasjonen dagleg.På den eine sida ser me at den fryktbarrieren som regimet hadde styrt på i alle desse åra, den er rast saman. Folk er ikkje redde lenger. Fleirtalet av folket i Iran ynskjer ikkje berre eit regimeskifte, men også grunnleggjande menneskerettar som dei aldri nokon gong har hatt. På den andre sida prøver regimet å halda på makta og brukar alle verkemiddel for å gjera det.

Les mer

Flere saker fra Uniforum

Regjeringen er opptatt av å gi universitetene og høyskolene gode rammer til å forme lærerutdanningene. Nå skal en ny ekspertgruppe se nærmere på hvordan styringen kan bli mer overordnet.
Uniforum 28.09.2023
Universitetet i Oslo faller på den siste rangeringen til Times Higher Education. Samtidig går det oppover med NTNU, melder Khrono. I fjor ble UiO rangert som Nordens sjette beste universitet, men i år faller det ned til åttendeplass.
Uniforum 27.09.2023
- Politikk er skeivt fordelt. Men i eit liberalt demokrati kan me ikkje forby nokon å påverka. Å ha eit lobbyregister kunna vera eit sunt steg, foreslår statsvitskapsprofessor Sirianne Dahlum.
Uniforum 27.09.2023
Vibeke Roggen rakk så vidt å sikre seg tittelen professor i latin før hun gikk av med pensjon.
Uniforum 27.09.2023
Risikovurderingen er unnagjort. Mandatet for utredningen er nesten ferdig. Alt burde egentlig ligge til rette for en god prosess videre. Men noe har dukket opp.
Uniforum 26.09.2023

Nyhetsbrev

Lag ditt eget nyhetsbrev:

magazines-image

Mer om mediene i Fagpressen

advokatbladet agenda-316 allergi-i-praksis appell arbeidsmanden arkitektnytt arkitektur-n astmaallergi automatisering baker-og-konditor barnehageno batmagasinet bedre-skole bioingenioren bistandsaktuelt blikkenslageren bobilverden bok-og-bibliotek bondebladet buskap byggfakta dagligvarehandelen demens-alderspsykiatri den-norske-tannlegeforenings-tidende diabetes diabetesforum din-horsel energiteknikk fagbladet farmasiliv finansfokus fjell-og-vidde fontene fontene-forskning forskerforum forskningno forskningsetikk forste-steg fotterapeuten fri-tanke frifagbevegelse fysioterapeuten gravplassen handikapnytt helsefagarbeideren hk-nytt hold-pusten HRRnett hus-bolig i-skolen jakt-fiske journalisten juristkontakt khrono kilden-kjonnsforskningno kjokkenskriveren kjottbransjen kommunal-rapport Kontekst lo-aktuelt lo-finans lo-ingenior magasinet-for-fagorganiserte magma medier24 museumsnytt natur-miljo nbs-nytt nettverk nff-magasinet njf-magasinet nnn-arbeideren norsk-landbruk norsk-skogbruk ntl-magasinet optikeren parat parat-stat politiforum posthornet psykisk-helse religionerno ren-mat samferdsel seilmagasinet seniorpolitikkno sikkerhet skog skolelederen sykepleien synkron tannhelsesekreteren Tidsskrift for Norsk psykologforening traktor transit-magasin transportarbeideren uniforum universitetsavisa utdanning vare-veger vvs-aktuelt