Uniforum
07.09.2022
60 millionar kroner meir enn budsjettert vil miljøstraumen frå fjernvarmeanlegget til Fortum truleg kosta Universitetet i Oslo i 2022. Til saman ligg UiO an til å gå 84 millionar over dei budsjetterte straumkostnadane for i år.
Straumen er no blitt dyr også for UiO. Det viste den prognosen universitetsdirektør Arne Benjaminsen la fram for Universitetsstyret i går. Til saman vil UiO truleg bruka 84 milllionar meir på energi enn det som var lagt inn i budsjettet for 2022.
Les merI desember 2021 uttrykte eigendomsdirektør John Skogen overfor Uniiforum lita uro for straumprisane UiO måtte betala.
- Fylgjer spotprisen
No er den situasjonen endra.
Det som er mest overraskande er at det er fjernvarmen frå energiselskapet Fortum Oslo som er dyrast.
- Grunnen til det er at me har ein avtale med det selskapet,som fylgjer spotprisen, fortalde Arne Benjaminsen.
- Eg ser ikkje bort frå at prognosen kan bli endå høgare, la han til.
Han viste også til at etter at regjeringa har lagt fram forslag til statsbudsjett for 2023, vil han i løpet av året koma tilbake til styret me


































































































