AddToAny

Framleis fleksibelt i finanssektoren

Mange bedrifter i bank, finans og forsikring legg framleis til rette for heimekontor.
- Vi opplever at dei fleste medarbeidarar synest at fleksibiliteten er svært positiv, og det er mange som nyttar seg av det, seier Hanne Hambo Eiken, leiar av avdelinga People i Nordea Norge.

Silje Pileberg

Etter at korona-restriksjonane letna, har Anja Lohne Holm vore mykje på kontoret. Men særleg eitt gode frå heimekontoret vil ho ikkje gje slepp på:

- Eg er glad i å røre på meg, og når det var store fellesmøte i avdelinga, kunne eg gå ein lang og god tur og ha Teams på mobilen. Det tar med meg vidare, seier Lohne Holm, som er kommunikasjonsrådgjevar i Nordea.

Nordea er ei av sju verksemder Finansfokus har tatt kontakt med for å undersøke dagens heimekontor-praksis. Blant dei seks som svarte, har alle opningar for ein fleksibel arbeidskvardag med heimekontor i delar av arbeidstida.

FORNØGDE MEDARBEIDARAR

- Vi opplever at dei fleste medarbeidarar synest at fleksibiliteten er svært positiv, og det er mange som nyttar seg av det, seier Hanne Hambo Eiken, leiar av avdelinga People i Nordea Norge.

Hos dei fire andre verksemdene, DNB, Grong sparebank, Tryg og KLP, er tonen lik.

- Mange set pris på at det vert lagt til rette for å kunne arbeide heimanfrå, sjølv om nok mange også trivst med å vere på kontoret og treffe kollegaene sine. Hos oss er det stort oppmøte tysdag til torsdag, og litt mindre måndag og fredag, seier Kirsten Grutle, konserndirektør for HR i KLP.

Vil du ha siste nytt fra finansbransjen? Abonner på vårt ukentlige nyhetsbrev!

Ingen av bedriftene har trunge å beordre folk attende til kontoret, ifølgje e-post-kommunikasjon.

- Dei fleste tilsette har sete pris på å kome attende. Samtidig har vi som arbeidsgjevar forsøkt å gjere det attraktivt å kome attende, påpeikar Eiken i Nordea Norge.

GODT FOTFESTE

Forskar Mari Holm Ingelsrud ved Arbeidsforskningsinstituttet AFI (OsloMet) har leia arbeidet med rapporten «Hjemme-Borte-Uavgjort» om praksisen med heimekontor under pandemien.

Forskarane gjorde intervju med tilsette og leiarar våren 2021 samt tre rundar med spørjeundersøkingar av tilsette: to i 2021 og den siste i februar 2022. Dei vil følgje utviklinga vidare.

- Heimekontor har fått eit godt fotfeste i norsk arbeidsliv. Vi trur det vil halde fram slik. På tvers av bransjar ser vi at mange tilsette set pris på fleksibiliteten. Dei sparer reisetid, får ein friare kvardag og ei større ro til å gjere arbeidsoppgåvene sine, seier Ingelsrud.

FINANSFOLK LAGAR AVTALAR

I februar 2022 hadde 27 prosent av tilsette i bank, finans og forsikring ein skriftleg avtale om heime

Les mer

Flere saker fra Finansfokus

Revolut har fått full banklisens i Frankrike og vil bruke landet som springbrett for videre vekst i Europa.
Finansfokus 06.10.2026
Krig, cyberangrep og strømbrudd har gjort kontanter til en del av beredskapen i Europa.
Finansfokus 06.10.2026
EUs likelønnsdirektiv skal sikre mer åpenhet om lønn og lønnsfastsettelsen. Formålet er å sørge for at kvinner og menn får lik lønn for likt arbeid eller arbeid av lik verdi.
Finansfokus 06.10.2026
Jan Sigurd Aarberg har jobbet 40 år i DNB og mener hans generasjon fortsatt har mye å bidra med.
Finansfokus 06.10.2026
Kunstig intelligens har funnet veien inn i dansk finansnæring. 87 prosent av de ansatte bruker KI minst ukentlig, mot under én av tre i 2024.
Finansfokus 06.10.2026

Nyhetsbrev

Lag ditt eget nyhetsbrev:

magazines-image

Mer om mediene i Fagpressen

advokatbladet agenda-316 allergi-i-praksis appell arbeidsmanden arkitektnytt arkitektur-n astmaallergi automatisering baker-og-konditor barnehageno batmagasinet bedre-skole bioingenioren bistandsaktuelt blikkenslageren bobilverden bok-og-bibliotek bondebladet buskap byggfakta dagligvarehandelen demens-alderspsykiatri den-norske-tannlegeforenings-tidende diabetes diabetesforum din-horsel energiteknikk fagbladet farmasiliv finansfokus fjell-og-vidde fontene fontene-forskning forskerforum forskningno forskningsetikk forste-steg fotterapeuten fri-tanke frifagbevegelse fysioterapeuten gravplassen handikapnytt helsefagarbeideren hk-nytt hold-pusten HRRnett hus-bolig i-skolen jakt-fiske journalisten juristkontakt khrono kilden-kjonnsforskningno kjokkenskriveren kjottbransjen kommunal-rapport Kontekst lo-aktuelt lo-finans lo-ingenior magasinet-for-fagorganiserte magma medier24 museumsnytt natur-miljo nbs-nytt nettverk nff-magasinet njf-magasinet nnn-arbeideren norsk-landbruk norsk-skogbruk ntl-magasinet optikeren parat parat-stat politiforum posthornet psykisk-helse religionerno ren-mat samferdsel seilmagasinet seniorpolitikkno sikkerhet skog skolelederen sykepleien synkron tannhelsesekreteren Tidsskrift for Norsk psykologforening traktor transit-magasin transportarbeideren uniforum universitetsavisa utdanning vare-veger vvs-aktuelt