Underskriftsaksjonen har som ambisjon å gi vikingskipa det museet dei fortener. Så langt har aksjonen samla inn 5100 underskrifter. Målet å få 7500 personar til å skriva under, går det fram av nettsidene til aksjonen.
Førsteamanuensis Marie Amundsen ved Institutt for arkitektur, konservering og historie ved UiO er ein av initiativtakarane til aksjonen. Det har kome inn underskrifter både frå forskarar ved norske universitet og ved danske og svenske universitet.
- Me har sett i gang denne kampanjen fordi me er djupt urolege for Universitetet i Oslo si vikingtidssamling som er truga av kostnadskutt. Sikringa av vikingskipa og publikum sin tilgang til samlinga er i spel, og det er fare for at ein endar med å bruka mykje pengar p�


































































































