Det er eitt av mange spørsmål forskarane i ICARUS blackbird-porsjektet ønskjer svar på. Ved å festa små sendarar på ryggen til svarttrast, vil ein kunne sjå nøyaktig korleis fuglane flyg.
Forskarar frå 17 EU-land deltek i prosjektet. Men førsteamanuensis Hans Erik Karlsen frå Institutt for biovitskap ved Universitetet i Oslo (UiO) og kollegaene hans ved fuglestasjonane Store Færder, Jomfruland og Lista får ikkje vera med. Mattilsynet har sagt nei.
- Dersom ein skal forska på dyr, må ein senda ein søknad til Mattilsynet. Det er første gongen eg har opplevd å få nei, seier Karlsen.
Mattilsynet i Noreg meiner at forskingsprosjektet vil vera «sterkt belastande» for fuglane som skal vera med. Det er Karlsen ikkje samd i. Og EU, som har godkjent søknad frå dei andre forskarane, meiner òg at prosjektet må plasserast i kategorien «lett belastande».
Advokat: Ikkje lov med strengare reglar
Noreg kan ikkje ha strengare reglar enn EU og EØS, det er ikkje lov, seier Karlsen sin advokat Dag Sørlie Lund.
EU sitt forsøksdirektiv er implementert i norsk forsøksdyrforskrift, vart vedteke innlemma i EØS-avtalen 12.mai 2015 og vart gjeldande frå 1. juli same år.
- Ein kan ha strengare reglar dersom ein hadde det før ein gitt dato. Det hadde ikkje Noreg. Og dersom ein hadde hatt det, er regelen at det skulle vore meldt inn til EFTAs overvåkingsorgan, seier Lund.
Karlsen forklarar at dei nemnde fuglestasjonane i Noreg har hatt eit anna forskingsprosjekt på fugl. Då har ein fått festa ørsmå radiosendarar til fjøra til fuglane. Desse sender ut signal med jamne mellomr