BUSKAP
10.09.2021
Som sikkert mange av dykk veit så er dyrevelferdsindikatoren delt opp i fleire delindikatorar, og dette innlegget tek for seg kva som inngår i delindikator stoffskifte, korleis vektlegginga er, og kva som blir «belønna» og «straffa» i kalkuleringa.
I delindikatoren for stoffskifte inngår tilfeller av mjølkefeber og ketose i besetninga. I tillegg er slaktevekt og slakteklasse for ku og ung ku inkludert. Dersom det er registrert haldvurdering på kyr i besetninga, skal dette telle positivt. Dei fleste av dykk som les dette veit sikkert at frekvensen av mjølkefeber aukar med alder. Ketose var for ein del år sidan betydeleg, men den «klassiske ketosen» er det mykje mindre av i dag. I Kukontrollen blei det i 2020 rapportert 5,0 behandlingar/100 årskyr for mjølkefeber og 1,6 behandlingar/100 årskyr for ketose.
For feit og for tynn kan gje sjukdom
Feite kyr er meir utsett for mjølkefeber og for å bli liggande etter behandling. Likeeins kan feite kyr ved kalving vera utsett for stort haldtap og eventuelt påfølgjande ketose om det
Gå til medietFor feit og for tynn kan gje sjukdom
Feite kyr er meir utsett for mjølkefeber og for å bli liggande etter behandling. Likeeins kan feite kyr ved kalving vera utsett for stort haldtap og eventuelt påfølgjande ketose om det


































































































