BUSKAP
14.05.2021
Pandemien og utsett oppstart av ysteriet i Irland snudde om på det meste. Vi gjekk frå ein situasjon med utsikter til betydeleg reduksjon i mjølkeproduksjonen, til ein situasjon med auka etterspørsel etter meieriprodukt.
Det var ein nedgang i leveransen til og med mai på 33 million liter. Så snudde det, og når året var omme hadde Tine-produsentane auka produksjonen med 9 millionar liter, samanlikna med 2019. Vesentleg auke i sommarmjølkeleveransen var heilt avgjerande for at Tine til slutt klarte å tilfredsstille behovet i marknaden. Til og med mars i år er det ein auke i mjølkeleveransen til Tine på 4 prosent samanlikna med 2020 (korrigert for skotår). Tek vi med at over to prosent av fjorårets kvote vart selt til Staten, blir auken endå meir imponerande.
Dei lokalt tillitsvalde fortener skryt
Gjennom sommarmjølk-prosjektet fekk vi gode erfaringar frå Vestland i fjor, som vi i år har vidareført for heile landet. Tillitsvalte sto fram i lokalaviser og bidrog til merksemd på behovet for meir mjølk i starten av 2021. Dette er og eit døme på korleis ein velfungerande eigarorganisasjon i samvirke kan fungere når krisesituasjonar oppstår. Det er og inspirerande for tilsette å samarbeide aktivt med eigarane for å nå felles mål.
Økonomiske konsekvensar av koronaåret
Auka mjølkekvotar slo sjølvsagt positivt ut i 2020. Likevel skal vi vere klar over at mange av mjølkeprodusentane opplevde 2020 som eit nokså tøft år økonomisk - grunna mellom anna høg omsetningsavgift og eit jordbruksoppgjer med tilnærma null tillegg. 2021 vil truleg bli vesentleg betre grunna redusert omsetningsavgift og historisk høg etterbetaling frå Tine for 2020. Auka mjølkekvote vil og bidra svært positivt for dei som klarer å auke produksjonen.
Er alt berre velstand no?
Nei, økonomien for utbyggingsbruka i mjølkeproduksjonen er for dårleg. Vi ser ein betydeleg auke i utbyggingskostnadane for nye lausdriftsfjøs. Skal vi framleis ha mjølkeproduksjon over heile landet, på nivå med i dag, må det skje endringar. Det er ikkje sam-
Gå til medietDei lokalt tillitsvalde fortener skryt