BUSKAP
09.10.2020
Som sjølvstendig næringsdrivande får du ikkje same satsar av velferdsgode som gjeld for lønnstakarar. Det å bli sjuk kan føre til mange utfordringar for den næringsdrivande. Først og fremst alle dei praktiske utfordringane med å halde drifta i gang, men det kan også gi store økonomiske utfordringar.
Her skal me sjå på kva ytingar som gjeld ved sjukdom, og ta med noko av det viktigaste i regelverket. NAV utbetalar sjukepengar og landbrukskontoret kan dekkja utgifter til avløysing under sjukdom.
Sjukepengar
Bonden er sjølvstendig næringsdrivande og får dermed ikkje sjukepengar for dei første 16 dagane ein er sjukmeld. Sjukepengane for næringsdrivande utgjer 80 prosent av sjukepengegrunnlaget. Jordbrukarar og reindriftsutøvarar har ei kollektiv forsikring som likevel gjev rett til 100 prosent sjukepengar frå 17. sjukedag. Premien vert betalt over jordbruksavtalen. For å ha rett til sjukepengar må inntekta di vera minst 0,5 G (grunnbeløpet) årleg eller ca. kr 50.000. For å kome inn under den kollektive avtalen med høgare sats på sjukepengane må næringsinntekta frå jordbruk eller gartneri utgjere minst 20 prosent av samla inntekt, eller minst kr 8 000.
Grunnlaget
Berekninga for sjukepengane tek utgangspunkt i gjennomsnittet av pensjonsgivande inntekt for dei tre siste åra du har fått skatteoppgjer. Berekninga vert deretter justert opp til dagens verdi med utgangspunkt i grunnbeløpet (G). Du kan få sjukepengar i maksimalt 52 veker. Maksimalsats for sjukepengar er 6 G, tilsvarande ei årsløn på ca. kr 600 000. Sjukepengane vert omrekna til dagsats for 5 arbeidsdagar i veka. Dersom inntekta er varig endra med meir enn 25 prosent kan grunnlaget fastsetjast ved skjønn. Bonden kan ofte ha svingande inntekt og dette unnataket er ofte aktuelt. Eit av dei tilhøva NAV då legg vekt på er innbetaling av forskotsskatt. Denne må vera sett opp i høve til forventa inntekt det aktuelle året.
Inntektsmessig tap
Fo
Gå til medietSjukepengar