Det svara avdelingsdirektør Line Vold i Folkehelseinstituttet (FHI) under regjeringa sin pressekonferanse fredag på direkte spørsmål. Fadderveker og fest var også eit av temaa som vart tekne opp innleiingsvis, og skjenketidene over heile Noreg vart som kjent innskrenka til midnatt.
- Det kom ingenting nytt av regelverk på pressekonferansen. Faddervekene har vore planlagt sidan april. Det må koma retningslinjer eller krav dersom ein vil ha ei endring. Alle faddervekeaktivitetar er planlagde utifrå gjeldande smittevernreglar, som framleis gjeld, seier Andreas Torhjell.
Han leiar Norsk studentorganisasjon (NSO). Organisasjonen sendte fredag ettermiddag ut ei pressemelding om at dei fryktar konsekvensane dersom faddervekene vert av