Klimaendringane fører til at me får vita endå meir om eldgammal norsk historie. I Jotunheimen er fleire isbrear i ferd med å smelta og vert mindre og mindre. Dit drar arkeologar frå Kulturhisttorisk museum og Innlandet fylkeskommune på jakt etter funn frå dei første menneska som busette seg i Noreg, 2000 meter over havet.
Arkeolog Julian Robert Post-Melbye har mellom anna funne eit eineståande skrin av skinn og tre.
- Det er ein gjenstand som har halde seg svært godt under isen. Slike funn ville ha rotna bort elles, fortel Julian Robert Post-Melbye til Uniforum.
Britiske overklassemenn var ikkje først på norske fjell
Nedsmeltinga av isbreane fører til at arkeologane no får ny kunnskap om Noregs eldste historie.
- Over halvparten av dei funna som er gjorde i verda som ein konsekvens av at isbreane smeltar, er gjorde i Noreg, fortel han.
Og han er ikkje i tvil om kva som er den viktigaste lærdommen av dette.
- Myten om at det var britiske overklassemenn som først kom på tanken om å gå opp i den norske fjellheimen på 1800-talet, stemmer ikkje. Dei alle første menneska som kom til Noreg, brukte også fjellet. Det viser dei funna me har gjort på dei områda i Jotunheimen som tidlegare var dekte av is, slår han fast.
Skrinet av tre og skinn er ikkje det einaste funnet han og fagfellane hans har gjort. No er det blitt så mange at han har tatt i bruk sosiale media for å få det formidla til alle interesserte.
- Nettsida «Secrets of the Ice» har no rundt 50 00