- Den gongen var ein tredel av dei 38 studentane kvinner, fortel ho.
- I dag er det snudd heilt på hovudet, seier Safiyye Süslü (27).
- No er mennene i mindretal, legg ho til.
Uniforum treffer dei to kvinnene i foajeen i hovudbygningen i Geitmyrsveien under jubileumsmarkeringa torsdag 14. november. Me set oss ned i ein sofa, og dei mimrar om den gamle og den nye tida på Det odontologiske fakultetet.
Vende tilbake til odontologi etter praksis
Safiyye Süslü blei ferdig utdanna tannlege i 2017. Då blei ho også nominert til å bli årets studentforskar. ved Det odontologiske fakultetet. Så forsvann Grorud-jenta til Sogn og Fjordane der ho arbeidde som tannlege i eit halvt år før ho kom tilbake som doktorstipendiat ved fakultetet hausten 2018.
- Ja, eg trivst svært godt her for det er både sosialt og eit godt arbeidsmiljø, seier ho til Astri Ragna. Og ho er einig med den unge kollegaen sin.
- Det er ein god atmosfære, kanskje fordi me er litt isolerte frå resten av Universitetet i Oslo, her i Geitmyrsveien, resonnerer ho.
- Dei åra eg jobba her, blei det nesten den andre heimen min, smiler ho.
Sjølv drog også Haugesunds-jenta Astri Ragne