Det var allereie kjent at Scholars at Risk i Noreg ville få 650 000 kroner i forslaget til statsbudsjettet for 2020. Men ekstraløyvinga på 650 000 kroner på budsjettet for 2019 kom totalt uventa på styreleiar Karen-Lise Knudsen i Scholars at Risk i Noreg.
- Det var veldig overraskande, og me blei svært oppglødde, seier Karen-Lise Knudsen til Uniforum.
Kan gi vern til fleire
Dei har enno ikkje bestemt kva dei skal bruka dei ekstra pengane til.
- Dei første 650 000 kronene har me planar om å bruka til å delfinansiera opphaldet til ein forskar som treng vern i Noreg og til administrative oppgåver. No kan me finna ut om me skal bruka dei ekstra pengane til å finansiera heile opphaldet til ein forfylgd forskar til eller til to halve og til eit større arrangement neste år. Det hadde vore fint å bruka pengane til å få fleire norske universitet eller høgskular til å bli vertsskap for forfylgde forskarar,fortel ho. Karen-Lise Knudsen er svært takksam for pengeløyvinga frå Kunnskapsdepartementet. - Dei har gittt oss både verbal og handfast støtte. Det set me stor pris på, seier ho til Uniforum.
Det glade nyhendet blei først gjort kjent